Ingvild Maria Thingnes
So, I’m here

 Ein duett basert på - So, I’m here

- So, I’m here av Ingvild Maria Thingnes,  er eit danseprosjekt som er utarbeida i samarbeid med forskargruppa bak ein studie på pasientopplevinga i psykisk helsevern. Studien trekk blant anna fram ambivalensen i behovet for nærleik og avstand til andre, og utfordringa med å finne ein balanse mellom det nære og profesjonelle forholdet i arbeid med menneske. For DanseRom blir det gjort ei tilpassing av verket med to utøvarar som ser nærmare på desse tema.

Den kvalitative studien “Sikkerheitsnettet som tek imot meg om eg fell - men som også kan fange meg” omhandlar pasientopplevinga som innlagt i psykisk helsevern, og vart gjennomført av Kari Eldal og medforskarar over ein fire års periode (2015-2019). Eldal og to av medforskarane har vert delaktige i prosjektuviklinga av - So, I’m here (2021).

Ein duett basert på - So, I'm here er utarbeida av Ingvild M. Thingnes i samarbeid med Sarka Benedova.

©DanseRom 2024
DanseRom er initiert av dansekunstner Roskva Yasmin Andersen, og har som formål å skape flere visningsmuligheter for dans og bringe samtidsdansen til et større publikum.